Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Nye Testamentet > Paulus brev til kolossarane

Paulus’ brev til kolossarane

1. kapitlet

1 Paulus, Kristi Jesu apostel ved Guds vilje, og broderen Timoteus

2 til dei heilage og truande brør i Kristus i Kolossæ: Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Fader!

3 Me takkar alltid Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, når me bed for dykk,

4 sidan me høyrde um dykkar tru på Kristus Jesus og den kjærleik de hev til alle dei heilage,

5 for den von skuld som er gøymd åt dykk i himmelen, den som de fyrr hev høyrt um gjenom sannings-ordet i evangeliet,

6 som er kome til dykk, liksom det og er i heile verdi og ber frukt og veks som hjå dykk frå den dag då de høyrde det og lærde å kjenna Guds nåde i sanning,

7 so som de hev lært av Epafras, vår kjære medtenar, som er ein tru Kristi tenar for dykk,

8 som og hev fortalt oss um dykkar kjærleik i Anden.

9 Difor held me, frå den dag me høyrde det, ikkje heller upp med å gjera bøn for dykk og beda um at de må verta fyllte med kunnskap um hans vilje i all åndeleg visdom og skynsemd,

10 so de må ferdast verdigt for Herren til all hugnad, so de ber frukt og veks i all god gjerning ved kunnskapen um Gud,

11 so de vert styrkte med all styrke etter hans herlegdoms kraft til alt tolmod og langmod,

12 so de med gleda takkar Faderen som gjorde oss duglege til å få arvlut med dei heilage i ljoset,

13 han som fria oss ut frå myrkers magt og sette oss yver sin kjære Sons rike.

14 I honom hev me utløysingi, forlating for synderne.

15 Og han er eit bilæte av Gud den usynlege, den fyrstefødde framfor all skapning;

16 for i honom er alle ting skapte, dei i himmelen og dei på jordi, dei synlege og dei usynlege, anten det so er kongssæte eller herredøme eller magter eller yverråder; alle saman er dei skapte ved honom, og til honom,

17 og han er fyrr enn alle ting, og alle ting stend ved lag i honom.

18 Og han er hovudet for likamen, som er kyrkja, han som er upphavet, den fyrstefødde av dei daude, for at han i alle måtar skulde vera den fremste.

19 For i honom tektest det Gud, at heile hans fylla skulde bu,

20 og ved honom å forlika alle ting med seg, med di han gjorde fred med blodet på krossen hans - ved honom, anten det so er dei på jordi eller dei i himmelen.

21 Ogso dykk som fordom var framande vortne og fiendar ved dykkar huglag, i dei vonde gjerningar,

22 dykk hev han no forlikt i hans kjøts likam ved dauden, for å stella dykk fram heilage og ulastande og uklandrande for si åsyn,

23 so framt de vert verande i trui, grunnfeste og trauste, og ikkje let dykk rikka frå den voni evangeliet gjev, det som de hev høyrt, som er forkynt for kvar skapning under himmelen, og som eg, Paulus, vart tenar for.

24 No gleder eg meg yver mine lidingar for dykk og utfyller i mitt kjøt det som endå vantar i Kristi trengslor, for hans likam som er kyrkja,

25 som eg hev vorte tenar til etter det Guds hushald som eg hev fenge millom dykk, det vil segja å fullføra Guds ord,

26 den løyndomen som var duld frå alle tider og ætter vart til, men no er openberra for hans heilage,

27 som Gud vilde kunngjera, kor rik på herlegdom denne løyndomen er millom heidningarne, det er Kristus millom dykk, voni um herlegdom.

28 Og honom forkynner me, med di me påminner kvart menneskje og lærer kvart menneskje med all visdom, so me kann framstella kvart menneskje fullkome i Kristus.

29 For dette arbeider eg og, med di eg strider med hans kraft som verkar i meg med styrke.

2. kapitlet

1 For eg vil at de skal vita kor stor strid eg hev for dykk og deim i Laodikea og so mange som ikkje hev set mitt andlit i kjøtet,

2 so deira hjarta må verta trøysta, med di dei vert samanknytte i kjærleik og vinn fram til heile rikdomen av det fullvisse skyn, til kunnskap um Guds løyndom, det er Kristus,

3 han som alle skattar av visdom og kunnskap er løynde i.

4 Dette segjer eg for at ingen skal dåra dykk med lokkande tale.

5 For um eg enn i kjøtet er fråverande, er eg like vel i åndi saman med dykk, og ser med gleda dykkar gode skipnad og den faste grunn i dykkar tru på Kristus.

6 Liksom de då tok imot Kristus Jesus som Herren; so ferdast i honom,

7 so at de er rotfeste og vert uppbygde i honom og stadfeste i trui, so som de lærde, rike på henne med takksegjing.

8 Sjå til at det ikkje må vera nokon som gjer dykk til herfang med verdsleg visdom og tom dåring etter fråsegner av menneskje, etter barnelærdomen til verdi og ikkje etter Kristus!

9 For i honom bur heile guddomsfylla likamleg.

10 Og de er fyllte i honom, som er hovudet yver all magt og yverråd;

11 i honom vart de og umskorne med ei umskjering som ikkje er gjord med hender, ved avklæding av kjøtslikamen, ved Kristi umskjering,

12 då de vart gravlagde med honom i dåpen; der vart de og uppvekte med honom ved trui på Guds kraft, han som vekte honom upp frå dei daude.

13 Ogso dykk, som var daude i dykkar misgjerningar og dykkar kjøts fyrehud, gjorde han livande med honom, med di han tilgav oss alle våre misgjerningar

14 og strauk ut skuldbrevet mot oss, som var skrive med bodord, det som vitna imot oss, og han rudde det undan med di han nagla det til krossen.

15 Han avvæpna magterne og yverråderne og synte deim openberrleg fram då han vann siger yver deim på krossen.

16 Lat difor ingen døma dykk i mat eller drykk eller i saker um høgtid eller nymåne eller kviledag!

17 desse ting er berre ein skugge av det som skulde koma; men likamen høyrer Kristus til.

18 Lat ingen røva sigersprisen frå dykk, um nokon freistar på det med audmykt og engledyrking, med det han fer med syner, vert ovmodig utan grunn av sin kjøtlege hug

19 og ikkje held fast ved hovudet, han som heile likamen veks Guds vokster ut ifrå, tilhjelpt og samanfest ved sine ledmot og band.

20 Er de avdøyde med Kristus frå barnelærdomen til verdi, kvi gjev dei dykk då, som um de skulde liva i verdi, slike bod:

21 «Du skal ikkje taka, ikkje smaka, ikkje røra»

22 - det vil segja slikt som då alt saman er etla til øyding ved bruk - etter bod og lærdomar av menneskje,

23 som vel hev ord for visdom ved sjølvgjord dyrking og audmykt og vyrdløysa mot likamen, men ikkje ved noko som er æra verdt, berre til mette for kjøtet?

3. kapitlet

1 Er de då uppreiste med Kristus, so søk det som er der uppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand!

2 Hav hug til det som er der uppe, ikkje til det som er på jordi!

3 For de er daude, og dykkar liv er løynt med Kristus i Gud.

4 Når Kristus, vårt liv, vert openberra, då skal de og verta openberra med honom i herlegdom.

5 So døyd då dykkar jordiske lemer: Utukt, ureinskap, ovhug, vond lyst og havesykje, som er avgudsdyrking!

6 for desse ting kjem Guds vreide yver dei vantruande;

7 millom deim ferdast de og fordom, den tid de livde i desse ting;

8 men no skal de og leggja deim alle av: Vreide, illska, vondskap, spotting, skamleg tale av dykkar munn.

9 Ljug ikkje mot kvarandre, de som hev klædt av dykk det gamle menneskje med dei gjerningar det gjer,

10 og iklædt dykk det nye, som vert uppnya til kunnskap etter sin skapars bilæte;

11 her er ikkje grækar og jøde, umskjering og fyrehud, barbar, skyte, træl, fri mann, men Kristus er alt og i alle.

12 Klæd dykk då, som er Guds utvalde, heilage og kjære i hjarteleg miskunn, godleik, audmykt, spaklynde, langmod,

13 so de toler kvarandre og tilgjev kvarandre, um nokon hev kjæremål imot nokon! som Kristus tilgav dykk, soleis de og!

14 Men attåt alt dette klæd dykk i kjærleiken, som er bandet um fullkomenskapen!

15 Og Kristi fred råde i dykkar hjarto, den som de vart kalla til i ein likam, og ver takksame!

16 Lat Kristi ord bu rikleg hjå dykk, so de lærer og påminner kvarandre i all visdom med salmar og lovsongar og åndelege visor, og syng yndeleg i dykkar hjarto for Gud.

17 Og alt som de gjer i ord eller gjerning, gjer det alt i Herren Jesu namn, med takk til Gud Fader ved honom!

18 De konor, ver mennerne dykkar undergjevne, so som det sømer seg i Herren!

19 De menner, elska konorne dykkar og ver ikkje beiske imot deim!

20 De born, lyd foreldri dykkar i alle ting! for det er Herren til hugnad.

21 De feder, arga ikkje dykkar born, so dei ikkje skal missa modet!

22 De tenarar, ver lyduge i alle ting mot herrarne dykkar etter kjøtet, ikkje med augnetenesta, liksom dei som strævar etter å tekkjast menneskje, men i hjartans einfelde, med di de ottast Herren!

23 Det de gjer, gjer det av hjarta, so som for Herren og ikkje for menneskje,

24 då de veit at de skal få arven til løn av Herren. Ten Herren Kristus!

25 Men den som gjer urett, skal få den urett att som han gjorde, og det vert ikkje gjort skil på folk.

4. kapitlet

1 De herrar, gjer imot dykkar tenarar det som rett og rimelegt er, då de veit at de og hev ein Herre i himmelen!

2 Ver trottige i bøni, so de vaker i henne med takksegjing!

3 Og bed for oss med, at Gud må opna oss ei dør for ordet til å forkynna Kristi løyndom, den som eg og er i lekkjor for,

4 so eg kann openberra honom so som eg bør tala.

5 Ferdast visleg med deim som er utanfor, so de kjøper den laglege tid!

6 Dykkar tale vere alltid tekkjeleg, krydda med salt, so de veit korleis de skal svara kvar og ein.

7 Kor det gjeng meg, det skal Tykikus kunngjera dykk alt saman, han min kjære bror og true medhjelpar og medtenar i Herren,

8 som eg sender til dykk just for dette, at de skal få vita korleis det er med oss, og han skal trøysta dykkar hjarto,

9 saman med Onesimus, den trune og kjære bror, som er ifrå dykk. Korleis det er her, det skal dei kunngjera dykk alt saman.

10 Aristarkus, min medfange, helsar dykk, og Markus, Barnabas’ systkinbarn, som de fekk påbod um - når han kjem til dykk, so tak imot honom! -

11 og Jesus som og er kalla Justus; desse er av dei umskorne dei einaste medarbeidarar for Guds rike som hev vorte meg til hugge.

12 Epafras helsar dykk, han som er ifrå dykk, ein Kristi Jesu tenar som alltid strider for dykk i sine bøner, at de må standa fullkomne og fullvisse i all Guds vilje;

13 for eg gjev honom det vitnemål, at han hev mykje stræv for dykk og deim i Laodikea og deim i Hierapolis.

14 Lukas helsar dykk, den kjære lækjaren, og Demas.

15 Helsa brørne i Laodikea, og Nymfas og kyrkjelyden i hans hus!

16 Og når dette brevet er lese hjå dykk, so syt for at det og vert lese i kyrkjelyden hjå laodikearane, og at de fær lesa brevet frå Laodikea!

17 Og seg til Arkippus: «Tak vare på den tenesta som du hev motteke i Herren, so du fullfører henne!»

18 Helsing med mi, Paulus’, hand: Kom i hug mine lekkjor! Nåden vere med dykk!

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2024